tirsdag 29. juni 2010

Bursdagskort

Eg fekk pakke i posten med nye stempler ifrå Lili of the Valley. 
Kjempe søte!!

So har eg vore å sett i forskjellige blogger og funne ny bretteteknikk.. 
Og fant ein mal hjå Sakkalo.
Ho kaller dette kortet eit "sikksakk-kort"
Utrule kjekt å laga!!!


Ho e berre sooo skjønn denne jenta der ho trilla på bamsane sine i vogna :) 


Det blei to like kort, men gut og jente kort. 
Eg har brukt papir ifrå maja design. Tekststemplar ifrå Norsk stempelblad.
Primablomster, bånd og brads. 
Stempla er fargelagt med pro og touch markers.

lørdag 19. juni 2010

Kristine har ein flott sommarblogg candy :)

Du må inn til Kristine sin blogg og sjekka ut bloggcandyen hennas!! :) 
Du kan vera med heilt fram til 25.juli.. då trekker ho ein vinnar :)

søndag 13. juni 2010

Katrin og Jon Amund

Eg vil få gratulera Katrin og Jon Amund med bryllupsdagen igår 12.juni.
Håpar da vart ein kjempe flott minnerikdag!!!
Annledning bryllupet deirans, fekk eg bestilling på to kort, og her kjem dei.. :)


Dette kortet har eg maskert to Whiff of Joy stempler sammen som eg har fargelagt med pro og touch markers. Og kortet er 17x15 cm. 
Diverse roser ifrå Wild orchides, mønsterark frå... ja ka va da ifrå.. hugsar ikkje. Det er veldig gull skimmer i da. Brukte to ulike ark i samme serien.
Ellers har eg brukt nestabillities og martha stewart punch. Tekstempel frå stempelglede. Og navna på brudeparet har eg skreve ut på dataen.

Her ser de innvendig i kortet. Eg har brukt samme mønsterark, punch og nestabillities. Bånd og "bånd-rose"
Det er plass til å legge penger under det eine båndet, og skriva på den andre sida.


Og her ser de baksida på kortet. I samme stil..

Neste kort er eit 15x15 kort



Her har eg brukt silkisleira mi igjen. Syns da blei ein so fin effekt å stempla i den. Stempelglede sitt hjertestempel og tekststempel.
Mønsterark frå basic grey.
Nestabillities og marta stewart punsh.
Bånd, bling og roser.

Kortet inni...


Og her er baksida..

Takk for titten.. og håpar du får ein fin søndag..




søndag 6. juni 2010

Konvolutt - kort

Eg har prøvd meg på eit konvoluttkort. Søkte på youtube..

Her har eg vore litt "kreativ" med silkisleira. Trykte ut rundinga og stemplar med forskjellige småstemplar. La da tørka og so svampa eg dei då dei var tørka.. So knytte eg eit hampetau i kvar knapp.
Ellers har eg brukt vintage bilde, div. roser og bla. Tyrkia blonda, rugle papp og mønsterark ifrå basic grey.
Tekststempele er ifrå stempelglede.


For å åpna kortet, tar du av "hatten" på konvolutten. Og oppi konvolutten ligg eit "ark" som har stooor plass til å skriva helsing på. :) Tekststempelet er ifrå norsk stempelblad as.

Takk for titten :)

Lano-ungen min :)


Eg har meldt Tia Mia med på konkurransen som Lano-ungen.
So viss du vil, kan du inn å stemma her på mi skjønne lille prinsessa :)
Ein kan stemme ei gong kvar dag på samme maskin. So har du fleire...ja...  ;) tihihi

Detta bilde er det som blei levert i konkurransen... og nedanfor ser du andre i samme serien :) tihihi

Tullehøna mi :)


Tihihi...


Va vist kjekt at mamma tok bilder idag :)


Skjønningen min og eg håpar du har ein fin søndag :)


torsdag 3. juni 2010

Never ending card


Eg har prøvd meg på eit "Never Ending Card". Da var kjempe kjekt å laga :)



Eg har laga eit 50årsdags kort som eg hadde på bestilling.


Mannen er likar vist å fiska.. so då syns eg at detta Kreativ Hobby stempel passa veldig godt.
Tekststempel frå Ladybug and friends og stempelglede.

Neste sia har masse skriveplass.
Tekstemplene er ifrå Norsk stempelblad AS, den lille swirlen er frå Ladybug and friends og kant stempelet er ifrå Autum Leaves


Kaka og ballonene er ifrå Norsk Stempelblad AS og bilen er ifrå North Star Stamp.

Håpar du har ein flott dag..

Takk for du tok deg tid til å komma innom bloggen min :)

onsdag 2. juni 2010

Gratulasjonskort

Eg fekk ein bunke med nye basicgrey mønsterpapir for ei lita stund sia.. Då måtte eg berre setta meg ner å bruka dei :) 

Blomsten har eg klypt ut sjølv i ruglepapp...malt den og krakelert. So har eg pynta med litt hampetau og ein tre knapp.
Stempeltrykke fekk eg i ei Gledesspredar pakke då eg var vinnar i desember. Det er eit Sarah Kay stempel som eg har fargelagt med pro og touch markers.
So har eg sydd ein del på maskina mi denne gongen. :)


Eg har brukt samme designe igjennom heile kortet.
Tekststemplet er ifrå KH. og swirlen..hmm.. hugsar eg ikkje i farten..


Baksida med stempelet mitt på, som er pynta opp med stempelglede rundt stempel. Og so swirlen igjen som eg ikkje hugsa kor eg kjøpte.. Versta av alt e at eg nettopp ha kjøpt da og ;) tihihi.. Gullfiskhukommelse????

Takk for titten :)