onsdag 29. september 2010

To bryllupskort til eit brudepar..

Eg va nyoperert og nett komme heim då eg fekk telefon om ein bestilling på to bryllupskort til samme brudepar. Eg klara jo aldri å sei nei.. ;) so då vart da bryllupskort :)


Her har eg brukt distress ink refillane mine igjen på The Greeting farm brudeparet. 


Her er innsida på kortet... 


So eit Whiff of joy stempel som er fargelagt med promarkers. 
Blomsten har eg laga sjølv av kaffifilter.


Staffelikort denne gongen. 
Navna deira er skreve ut frå data.


Detalj.. 


Innsida med skrivefelt.. 

Ha ein flott onsdagskveld... 
Klem.. 

fredag 24. september 2010

Har hatt besøk...

..på hobbyrommet mens eg var hjå mamma. Bror min fekk lyst å vera med å laga eit kort.. Veit ikkje ka so gjekk øve han den dagen.. men da va no koselig med besøk...sjølv om eg måtte hjelpa han ;) tihihi.. 


Her er mjelkesjokolade - kortet han lagde..


Syns han va flink eg.. Men spørs om eg får fleire besøk av han... da vil tide visa.. 

Eg har laga ein trinn for trinn artikkel om mjelkesjokoladekort som kjem snart på Kreative sider hjå Linda på papirgleder.no. Skal sei ifrå når ho har lagt den ut.

So har eg fått pakke :) frå Helle.
Og no skal eg sende pakke til tre "heldige" som skrive dei vil vere med på denne pakkesendinga i kommentarfeltet..
Når du har fått ein pakke frå meg, skal du sende vidare til tre nye som har lyst å vere med.. 

Og til slutt har eg ein glad melding :) Eg har nemleg fått lov til å verta i eitmedlem av eit Designer Team på ein amerikansk utfordringsblogg. Kass utfordringsblogg kan eg ikkje sei endå... men startar opp i oktober :) juhuu... eg med min engelsk..guulp.. ja ja ein ekstra utfordring for min del...og kanskje dei andre til å forstå kva eg prøver å knota ner.. tihi.. 

Ha ei flott helg allesammen.. No er da pakking til Strandebarmtur...

mandag 20. september 2010

Da e lenge sian..

..eg har oppdatert bloggen min no. For tre veker sian idag tok eg ein operasjon og no har eg vore to veker på "rehablitering" hjå mamma. 
No har eg komme heim igjen og fått på plass gamle og nye scrappeting på romme mitt. No er det kun dei siste tinga som må finna plassen sin igjen, før eg kan begynna å produsera igjen. Snart julemesser... og då må eg jo ha varer :) 

Eg har ikkje vore flink å tatt bilder av tinga eg lagde då eg var hjå mamma, men eg har tatt bilde av eit av korta eg lagde då eg var på Strilascrap forgje helg. 


Lagde eit staffelikort (igjen). Var hjå Kristine M. Biseth forgje fredag og fekk stempla opp denne flotte bamsen ifrå Lili of the Valley hjå ho. Fargela den og hadde dermed ferdig fargelagde motiv på strilascrappen :) Mønsterarka er  Kristine som har designa for Inkido. Candy tree.. Kjempe flotte ark!! 



Framsida er gått ut ifrå ei skisse og kriteriar som var på eine utfordringen som me hadde på Strilascrappen. 



Her er innsida på kortet. Stempelet er frå Kaiser Craft.


Og her ser de baksida med da personliga stempelet mitt. 

Tok bilde av ein av dei 15 toffifee øskjene eg lagde då eg var hjå mamma... 
Ingen blei like, men hadde vorte litt voldsomt å hatt bilde av kvar enkelt her i bloggen.. 
Skal heller ta eit samla bilde når eg er på messa ;)


Denne øskja er faktisk allerede seldt.. ;) Var vel derfor eg tok bilde av den ;)

Då er eg igang igjen med blogginga.. 

Takk for titten :)