Eg har levert finale bidragene mine idag..på Kortcupen som har gått på papirglede forumet.
Trur eg har valgt dei rette korta..men ein kan jo aldri vera sikker. Eg har laga nokon fleire julekort..men ein veit jo aldri ka som slår an.. Smaken er jo som baken.. nokon likar sånn og nokon sånn.. Blir vertfall kjempe spennande å sjå kven av oss som kjem på toppen :) Da hadde jo vore veeeldig kjekt om du hadde hatt lyst til å stemma på mine kort når avstemningen begynnar ;) tihi.. Har sooo lyst på dei tusjane... ;)
Jallefall.. her er kort #1 som er julekortet, og hadde kriteriane: 3 mønsterark - Fargelagt/malt stempelmotiv - Minst to forskjellige pynteting eller flere, men det skal IKKE VÆRE BLOMSTER på kortet!
Og då laga eg eit kort til venninna mi som har fått tvillingar. Rosa jente kort..
Brukt tre forskjellige mønsterark ifrå Ladybug and friends. Stempeltrykket er ifrå Sarah Kay og er fargelagt med pro og touch markers. Tekststempelet er ifrå KH. Snøkrystallene-stemplene ifrå Ladybug and friends er embossa med klar embossing med glitter i. Sokken og hjertet er eg ikkje heilt sikker på kor eg har fått tak i. So har eg brukt bånd og glitterlim.
Kort to var
- Lag det fineste kortet du kan, der du følger følgende krieterier:
Lyse sarte farger - Vi vil se vinger i enn eller annen form - Forbud mot charms.
Dette kortet SKAL IKKE være et julekort.
Eg har brukt Bazzill kartong, mønsterark frå Nille og Maja Design. Stempelmotiva er digital stempel ifrå Mo`s og er fargelagt med touch markers. Ellers har eg brukt band, halvperler, roser, roseknopper, blader og sommerfugler. Tekststempelet er ifrå Norsk stempelblad. Og bakgrunnsstempelet er ifrå stempelglede.