Viser innlegg med etiketten Vinter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vinter. Vis alle innlegg

søndag 28. februar 2010

Meny-omslag til bryllup..

Fekk ein koselig melding på facebook ifrå ei eg har gått på folkehøgskule med. Ho skal gifta seg den 6.mars iår. Og ho lurte på om eg ville laga omslag til meny og songar som skulle vere til middagen.
Omslaga skulle også vere eit slags bordkort.
Dei skal gifte seg på Lillehammer, i iskatedralen.. Kjempe tøft!! So derfor måtte da jo vera is fargar og snøkrystallar. Ellers skulle den vere stilrein og fin ;)

Størrelsen er pittelitt større en eit A4 ark, slik at A4 arka som skulle inni blir gøymt. Det er då bretta på midten.
Da blei mykje søm.. vertfall når da var 50 stk tilsammen.. Snøkrystaller med bling, litt slør, sløyfeband og brukt punch. Snakk om å få gangsperr av å puncha.. Var heilt "av" i begge hendene i fleire dagar etterpå. Sjølvsagt vart jo punchen kjempe treg og hang seg opp og ville ikkje opna seg. So for kvart punch måtte eg dunke ner igjen punchen. So da var litt ekstra arbeid.. men men vert da!! No funkar den kjempe flott på små ting.. TYPISK!!
Teksten har eg skreve ut på data, rett på kartongen.

Her er ein liten bunke av dei 50 omslaga eg laga...

Gledar meg fryktelig til å sjå bilder ifrå borddekkninga.

Takk for titten..

tirsdag 15. september 2009

Nytt kort til kortcupen #1

Eg hadde stoore problem med å klara å bestemma meg for kass kort eg skulle levera av dei tre i forgje innlegg.. So eg lagde eit nytt eit. Fekk ein "stabel" med Magnolia stempel som eg kjøpte privat.. so då fekk eg "maskerings-lysta" øve meg.. og lifta Jannhild sitt kort igjen. Veldig kjekt igjen!!
Her er mitt julekort
Under her er det eit utsnitt der ein ser bedre den glitter snøen som er på gjere og på bakken..
 
Eg har laga eit julekort med Magnolia stempler som eg har maskert og fargelagt med touch markersene mine. Eg har hatt aleene`s glitter snw på gjere og "bakken"(ser ikkje so godt glitteret på bildet). Diverse mønsterark rester. Tre forskjellige snøkrystaller, Dei små rundt omkring og våttane er ifrå paduro. Den i sølv er ein brads. Og dei store er kjøpt på ein lokal mat+"altmulig"-butikk. Dei har eg hatt glitter embossing på (det er heller ikkje so lett å sjå på bildet). Tekstempelet "god jul" er ifrå kreativ hobby og "Det snør, det snør, tiddelibom" er designa av Banglamarie.
Tilslutt har eg flisa opp arka og sydd rundt for hand (symaskina streikar).

Om dette er finare enn ein av dei tre nedanfor veit eg ikkje, men eg ha no vertfall levert detta og ferdig med da...

Tusen takk for dei som "hjalp" meg i forgje innlegg..

Takk for titten...

onsdag 11. februar 2009

Papircup på Papirgleder.no

Fyrste oppgave i papircupen denne våren var White space.

Det er ein stil eg aldri har screppa før.. men va kjekk..


Sånn lyder oppgava:

Da er vi igang med vårens PapirCup! Dere vil denne gang bli utfordret til å scrappe i de tre stilartene: Graphic, Shabby Chic og Freestyle. Det vil komme 6 oppgaver og en utfordrende finaleoppgave. Vi håper at så mange som mulig ønsker å delta på en spennende reise sammen med oss denne våren!Oppgave 1Stilart: Graphic - White Space

Eg har brukt:

Lys turkis Bazzill Sydd med maskin rundt kanten. Og så har eg malt med distress ink på akret - Broken China.Skjert ut tittel og snøkrystaller med Silhouette maskina. Eg malte nokon av snøkrystallane med distress ink - broken china.Eg brukte også klar embossing på tittelen og nokon av snøkrystallane.Bande er ifrå American craft - premium ribbon.Mønsterpapir ifrå Scrapbook walls -winter wonder.Eine snøkrystallen er av tre som er embossa med klar embossing. Halve tittelen er av tiny alphas stickersTilslutt bling bling i snøkrystallane.

Bilden er tatt etter eit snøfall i november -08. Ein kjempe hærlig dag med strålande sol. Då måtte me ut.. og heldigvis hugsa eg kamera..

Takk for titten..