Jammen går ikkje vekene fort i 2013 og..
No er me snart i veke 3 allerede.. Men før me kjem heilt inn i den veka, har me ein herlig søndag framfor oss..
Eg og Tia Mia skal besøka samboar/pappa, som er på rehabiliteringssenter.
Me gledar oss masse til å sjå han igjen..
han ha vore dar ei lita stund no..
Trur tytto mi gledar seg masse, spessielt sida me skal BADA :) hihi..
Men før den tid vil eg visa dekan eit kort som eg har laga til skisse utfordringen hjå Sketchy Colors med denne skissa.
Og slik ser mitt kort ut etter eg ha prøvd meg på skissa..
Eg har laga eit bursdagskort til bror min.. Han har nettopp hatt bursdag, men systo e so treg med å få ting av gårde.. Men skal sende da i posten til deg ;) + litt til ;)
Eg ha fargelagt eit Mo Manning stempel med Copic.
Sponsor i januar er Norsk Stempelblad,
so ta turen inn til Sketchy Colors og bli med på utfordringen og sjekk ut dei andre DT jentene sine flotte bidrag :)






























