Jadå.. me kom oss heim før askeskya kom.. Hadde ein suuper ferie. Fekk litt farge og fekk slappa av. Jaja.. Tia Mia sov ikkje eit sekund på flyet heim..og me kom ikkje heim før klokko va to om natta..og fekk ikkje sova skikkele ut på fleire daga..men va godt å komma heim og :) Ikkje minst å sjå samboaren igjen. Fyrste gong me ha vore soo lenge ifrå kvarandre ;)
Eg fekk ein bestilling her for ei stund sian av både mor og datter. Begge skulle ha konfirmasjonskort til da samma tvillingparet.. Eg laga to og to like.. men forskjellige fargar.. Dei for sjøle "krangla" om kass av korta dei vil ha.. ;)
Dei fyrste korta laga eg på ski-treffet i mars. Da e kort med pengelomme i.
Alt av stempler og puncher har eg fått lånt av damene som satt rundt meg der.. Tusen takk for lånet ;)
Stempelet er ifrå Ladybug and friends og er fargelagt med pro og touch markers.
Da va vel da eg veit om da eg ha brukt.. ellers so veit eg ikkje kor dei andre stempla kjem frå..
----
Dei andre korta ha eg laga no etter eg kom heim..
Stempeltrykket fekk eg då eg va Gledesspreder i desember mnd. Dei har eg fargelagt med pro og touch markers.
Knappane ha eg hatt i "alder so lang tid"..og no fekk eg endelig brukt dei. Syns dei passa perfekt her!
Pengelomme skulle da vera i desse korta og.
Her har eg brukt ein die cut konvolutt.
Baksida har fått samme design som inni kortet..
Tusen takk for alle kommentarane eg får.
Da gjer meg masse inspirasjon :)
Takk for titten :)