..eg har oppdatert bloggen min no. For tre veker sian idag tok eg ein operasjon og no har eg vore to veker på "rehablitering" hjå mamma.
No har eg komme heim igjen og fått på plass gamle og nye scrappeting på romme mitt. No er det kun dei siste tinga som må finna plassen sin igjen, før eg kan begynna å produsera igjen. Snart julemesser... og då må eg jo ha varer :)
Eg har ikkje vore flink å tatt bilder av tinga eg lagde då eg var hjå mamma, men eg har tatt bilde av eit av korta eg lagde då eg var på Strilascrap forgje helg.
Lagde eit staffelikort (igjen). Var hjå Kristine M. Biseth forgje fredag og fekk stempla opp denne flotte bamsen ifrå Lili of the Valley hjå ho. Fargela den og hadde dermed ferdig fargelagde motiv på strilascrappen :) Mønsterarka er Kristine som har designa for Inkido. Candy tree.. Kjempe flotte ark!!
Framsida er gått ut ifrå ei skisse og kriteriar som var på eine utfordringen som me hadde på Strilascrappen.
Her er innsida på kortet. Stempelet er frå Kaiser Craft.
Og her ser de baksida med da personliga stempelet mitt.
Tok bilde av ein av dei 15 toffifee øskjene eg lagde då eg var hjå mamma...
Ingen blei like, men hadde vorte litt voldsomt å hatt bilde av kvar enkelt her i bloggen..
Skal heller ta eit samla bilde når eg er på messa ;)
Denne øskja er faktisk allerede seldt.. ;) Var vel derfor eg tok bilde av den ;)
Då er eg igang igjen med blogginga..
Takk for titten :)