Då er det tid for ny utfordring hjå Anonyme Scrappere.
Denne gongen er oppgava
Crackle Paint og Bølgepapp
Og eg har laga ein LO denne gongen :)
Det er ein LO om då Tiril Maria (dattera mi) og "Mormor" (altso mammo mi) var på krabbejakt no i høst.
Dei fann mange krabbar som dei hadde oppi ei bøtte. Dette var stoooor stas, men Tia Mia tørte ikkje å holda krabben..
Eg har malt med crackle paint oppå bølgepappen :) Brukt hampetråd,
glimmermist, skjell som eg fekk av Carina og blåskjell eg plukka då me jakta på krabbane.
Det blå papiret bakom har eg laga sjølv med Pan Pastel og eit "splæsje-stempel" som eg har lånt av Carina, veit ikkje kor ho har fått tak i det.
Krabbane er stansa ut med sånn dare tong.
Var på scrappetreff i Bømlo då eg laga denne og fekk låne ei tang og dies med denne krabben..
Bilda er tatt med mobil og takk til Marit for at eg fekk lov å printa ut bilda då me var på treff :)
(ikkje farlig når nokon tar med seg heile kontoret og eg får låna :) :) )
Her ser du kanskje litt bedre crackle painten...
Denne utfordringen har supre premiar som vanlig.. og dei er sponsa av:
Gull : scrapshop
Sølv : Crafty sentiments og
Bronse : AS
Sølv : Crafty sentiments og
Bronse : AS
So heng deg med på utfordringen og stikk innom Anonyme Scrappere og sjå dei andre damene sine fantastiske kreasjoner!!