Fekk bestilling på to bryllupskort til det samme brudeparet.. Felles på begge korta var at da skulle vera navna deira, bryllupsdatoen og pengelomme.
Eg har kjøpt meg nye stemplar designa av Elisabeth Bell.. Whiff of joy stemplar. Eg fargela det med pro- og touch markers. Ellers har eg brukt forskjellige ark, bling, bånd, små bokstavklistremerker og metall pynt. Den nøkkelen og låsen har eg hatt i aaaalder so lang tid.. no endeleg klarte eg å bruka den.. :) Eg kutta ut ein swirl til det andre kortet, som eg brukte ei stempelputa og dytta på negativen, sånn at da blei ein swirl :)
Inni kortet har eg laga til eit sløyfeband som ein knyter rundt pengesedlane. Her er dei samme swirlane som eg hadde på framsida.
Tekststemplane er ifrå stempelglede.
-----
Neste kort er eit staffelikort eller eselkort om du vil :)
Dette er også Whiff of You stemplar som er designa av Elisabeth Bell.
Og desse har eg og fargelagt med pro- og touch markers.
Mønsterarket har ei fløyelsmønster. Arket er frå ei blokk, La Crème matstack.
Ellers er da brukt roser, charms, små klistremerke bokstavar og bånd. Bladene er stansa ut med ei quick Kutz die. Tekststempler frå Stempelglede. Under framsida er skrivefeltet
På baksida har eg laga til ei pengelomme. Ein må brette seddelen litt til, men da gjere vel ingenting??
Framsida...
Kunden blei fornøgd med korta..so no gjenstår da berre å sjå om brudeparet likar korta :) Eg får sikkert rapost ;)
Takk for titten.. Ha ein fortsatt flott tirsdagskveld :)