Viser innlegg med etiketten Messe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Messe. Vis alle innlegg

mandag 27. juni 2011

Konfirmasjonskort - #18 - #22

 Palmehelga var eg på handtverksmessa på Oppdalsøyra.. 
Syns ikkje eg hadde so masse med meg.. vurderte å ikkje reisa, men eg e glad eg gjorde da..
Solgte ut nesten alt eg hadde, sjølv om eg lagde fleire kort til langt på natt til neste dag og..
og so fekk eg MASSE bestillingar.

Her er nokon litt dårlige bilder av nokon av korta eg hadde med meg. 









Alle har pengelomme og skrivefelt på baksida

Kenny K digi stempler som er fargelagt med Pro og Touch Markers alle sammen.
Brukt kraftkartong og diverse mønsterpapir.



Her er eit dårlig mobil bilde av stenden min. Eg fekk utdelt eit rart "bord" med hylle.. 
Var egentleg ein fæl bonderaud farge på det heile, men eg gjømte den vekk med svart stoff. 
Likar ikkje å måtta sitta framfor stenden.. men da måtte eg her da.. og rett atmed døra.. ja ja.. 

mandag 22. november 2010

Julemessa på Solheim.

Hei.. Igår var eg på julemessa på Solheim, ei nabobygd her heima. 
Det opna klokko 15.00, men mangen var allerede komme 14.30.. Salget begynte ikkje før Gong-gongen gjekk. 
Då sto nesten heile gjengen rundt "lefse-bordet" for å sikra seg Masfjordlefser og andre julekaker.. 
Trur detta e ei "lefse-messe"..for salget ellers trur eg heller var labert.. Eg vart ikkje so frykteleg fornøgd. Hadde litt formykje med meg heim at.. Håpar på å få solgt bedre på neste messe. 

Eg tok sjølvsagt bilde av stenden min, men da var da einaste bilde eg tok og.. tihi.. 


Ha ei flott veka allesammen :)


Må tilføye at eg hadde med meg nokon av nissane til mamma som du ser... Solbergnissen.. Kjempe flotte!

onsdag 10. november 2010

PWC-messa i Stavanger - Sola

Forgje helg var eg og mamma til Stavanger og Sola på PWC-messa.
Det vart ei bra messe i år også. Masse folk (spesielt på fredagen) og eit bra salg.
Her kjem noko bilder av stenden vår.









Da var nokon av bilda eg tok av stenden i helga.

No er eg i full gang med å laga ting og tang igjen til neste messa som er neste søndag.. 

Ha ein flott kveld. 

Klem frå Tine