torsdag 5. august 2010

Bursdagskort

Ja då var da eit bestillingskort denne gongen.. Og som er med på utfordringen til Sketch Saturday

Eg fekk eit bilete av bursdagsbarna som eg skulle bruka på kortet. 
Eit skjønt par som har fylt 50 og fyller 50 år i år og som skal feira bursdagane sine ilag. 



Eg har brukt mønsterark frå Ladybug and Friends
Silkebånd kjøpt på Stoff og Stil
Sydd på symaskina.. og brukt cutlebug maskina mi til å stansa ut 50 og ein nestabillities.
Tekststempelet er ifrå Norsk Stempelblad, men det er berre eit halvt. Maskerte vekk "med dagen" sånn at da skulle passa inn i ramma.

Her ser du skissa som eg har gått ut ifrå.. 


Staffeli kort - ein veldig grei bretteteknikk å laga kort av :) 


Eg har skreve navna deira ut frå dataen og hatt brunfarge på skrifta. 
So har eg brukt halvperler, bånd og sydd på maskina her òg.


Og her ser de heile innsida på kortet. 
Skrivefeltet har same design som bilete på framsida. 
Hjertepunchen er frå Martha Stawert.
Alle kanter er sverta med vintage photo . distress ink.

 

So var da baksida... 

Eg tar sjansen på å legga ut kortet før bursdagen for å vera med på utfordringen.. Håpar ikkje nokon av dei er å ser i bloggen min nett no.. 

Takk for titten :) 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjempe koslig om du vil skriva nåkre ord til meg :)