mandag 22. november 2010

Dekorerte lykter..

Eg såg på ein blogg for ei stund sian, hugsar sjølvsagt ikkje kor. Men ho hadde laga slike lykter.
Eg har kjøpt rammer på ikea som eg har malt og sett sammen.. elle eg fekk hjelp av Morten med å spikra dei sammen.




Det var kveldsbildene av den eine lykta..
..og her er bilde frå dagen etter...




Eg har hatt vatn i vanlig brun akrylmaling når eg malte rammene. 
Har stempla på gråpapir og fargelagt med Pro og Touch Markers.
Stemplene på denne lykta er ifrå Stampavie og Norsk Stempelblad.






Har malt med samme maling på denne ramma også. 
Her er stemplene frå Lili of the Valley og Norsk Stempelblad.
Eg har laga ein bunn til lykta av kraftig kartong som eg har hatt brunkartong på kvar side.
Inni lykta har eg eit telys oppi eit telysglas (kjøpt på IKEA). Tørr ikkje utfordra noko med brannfaren her.. 
Gråpapiret som eg stempla på, har eg festa fast på glaset som høyrte til ramma.

Blei veldig koselige å fyra lysa i. Nesten som eg har lyst å ha dei sjølv ;) 
Selger eg dei ikkje på neste messe.. so ha eg to lykter sjølv ;) tihi.. 

Ha ein fortsatt flott dag.
Klem frå Tine


1 kommentar:

  1. Wow, dette var jammen stilig, Tine.
    En skikkelig god idé.

    SvarSlett

Kjempe koslig om du vil skriva nåkre ord til meg :)